Besøk vår nye Naturmøteplass ved scena i Groparken tysdagar i oddetalsvekene.
Ein møteplass for alle som er ute på tur og som har lyst å treffe andre. Her er det varme i bålet, og ungdomar frå valfaget Innsats for andre tek imot deg med varm drikke og noko lite å bite i.
I 2026 føl vi skuleåret. Om dette vert ein populær møtestad vil vi jobbe for å halde ope også i feriar.
Det er Sunnmøre friluftsråd i samarbeid med Hornindal frivilligsentral som står bak Naturmøteplassen i Hornindal.