Hornindal Frivilligsentral ligg under kulturavdelinga i Volda kommune, men har kontor på Smia i Hornindal.
Frivilligsentralen har som føremål å vere eit senter for frivillig aktivitet gjennom å skape sosiale møteplassar for alle aldersgrupper, motivere og rekruttere frivillige, og samordne frivillig aktivitet, hovudsakleg i Hornindal, men også i Volda.
Sentralen skal vere ein bidragsyter for frivillige organisasjonar og skape og utvikle samarbeid mellom det frivillige, det offentlege, og det lokale næringslivet.
Aktivitetar og arrangement som Frivilligsentralen driv og/eller er med på å arrangere:
Faste rullerande aktivitetar:
Karatreff kvar måndag
Seniortrim kvar tysdag
Seniortreff kvar onsdag
Volda demenskor kvar måndag
Hangout (ungdomsklubb) kvar onsdag
Open Hall for mellomtrinnet ein gong i mnd
Transport av dagpasientar kvar onsdag
Blåtur for brukarar på omsorgssenteret, sporadisk
Søndagsbaluba (frileik i Hallen, for born 0-6 år), kvar søndag i vinterhalvåret
Boccia onsdagar i sommarhalvåret
Naturmøteplassen annankvar tysdag
Årlege arrangement/tiltak:
Volda Frivilligforum (fire møter i året)
Bagasjeromsmarked på Kulturdagane
Verdensdagen for psykisk helse i oktober
Vasstrampoline på Hornindalsvatnet
Vassaktivitetsdag
"Ei god jul for alle"
TV-aksjonen, kommunekontakt
Andre prosjekt:
Stikk Ut! (kommunekontakt)
BUA Hornindal (gratis utlån av tur- og friluftsutstyr)
Volda.Friskus.com
17. mai i Volda sentrum
Temaplan for Frivillighet (ute på høyring hausten 2025)