Ein heilt uformell treffstad for alle vaksne karar!
Kvar måndag møtast ein gjeng vaksne karar i varmestova til Hornindal skisenter. Praten går lett og skrønene sit laust. Her kan du møte grannen og bli kjend med andre i bygda over ein kopp kaffi.
Karatreffen byr også på kulturelle innslag som dei står for sjølv. Av og til tek dei seg ei utflukt, eller nokon har med seg noko dei viser fram. Fleire av dei er interessert i musikk, og nokre av deltakarane har danna seg eit lite orkester. Her er det berre å slenge seg med!
Det er gratis å delta og krev ingen påmelding, berre å møte opp!