BUA Hornindal held til i Grobygget ved badestranda, inngang ved scena i parken. Vi har eit breidt utval tur og friluftsutstyr, blant anna ulike typar telt, soveposar, skøyter, truger og ski for store og små. Sjekk ut kva vi har i https://www.bua.no/bua-hornindal-selvbetjent/utstyr eller stikk innom og finn det du treng.
BUA Hornindal er sjølvbetjent kvar dag frå 08.00 til 22.00. Ja, du kan låne i helga og! Og på heilagdagar! Og det er heilt gratis å låne!
Man må vere 18 år for å opprette låneprofil i BUA, men føresette kan legge til mindreårige som medlåntakar. Medlåntakar kan kome til BUA og låne utstyr utan føresette, men føresette er ansvarleg låntakar, og har ansvar for både utstyr og dei som brukar utstyret.
For å låne må du ha låneprofil i BUA, det kan du ordne her: https://www.bua.io/registrer
For å kome deg inn treng du å laste ned ein app for låsen: https://no.unloc.app/ eller søk opp unloc i Appstore eller Google Play butikk på din mobil.
For å registrere lån treng du appen BUA Selvbetjening: https://play.google.com/store/apps/details?id=co.norse.buaselfservicescanner&hl=no&gl=US&pli=1 eller søk opp BUA selvbetjening i Appstore eller Google Play butikk på din mobil.
Alt dette kan du ordne heime, so er du klar for å låne når du kjem til BUA. Elles finn du denne informasjonen også utanfor inngangsdøra til BUA, og kan ordne det på staden.
Treng du hjelp er det bare å kontakte Hornindal Frivilligsentral.
Her er noko av utstyret du kan finne i BUA Hornindal:
For sommar- og vassportsaktivitetar:
Packraft, to ulike størrelsar
Enkelmannskajakkar m/spruttrekk
Tomannskajakk m/spruttrekk
Sit-on-top-kajakk
Padlehanskar og padlesko frå str. 37 til 45
Våtrakter i ulike str.
Kanoar (3 pers)
SUP
Fiskestenger og slukar for ferskvatn
Redningsvestar og flytevestar
Pulk til sykkel, med spedbarnsinnlegg om ønskjeleg
Via Ferrata klatreutstyr
Pop-up-telt
Soveposar og lakenposar
Liggeunderlag
Hengekøyer
Sykkel og sykkelhjelm til store og små
Skateboard og longboard, med sikkerhetsutstyr
Fresbeegolf
Ulike hageleikar
For vinteraktivitetar:
Snowracer
Snowkicker
Snowskates
Akematte
Pulk til ski, med spedbarnsinnlegg om ønskjeleg
Skredsøkersett (sendar/mottakar, spade og søkestang)
Ski i ulike str. for barn og vaksen
Skisko frå str. 25 – 46
Skøyter frå str. 30-44
Truger, ulike modellar til lette og til meir krevjande turar
Soveposar for vinter
For heilårsaktivitetar:
Wiglo, 6-10 personar
Ulike typar telt
Tretelt i to størrelsar
Tarp
Ulike typar liggeunderlag
Ryggsekkar (dame/herre)
Campingstolar
Stormkjøken
Måltidskit (tallerken, skål, kopp og bestikk)
Toastjarn for bålpanne
Thermosar i to str