Skravlekopp - Volda kommune

Volda er endeleg blitt ein sertifisert Skravlekopp-kommune! Skravlekopp er ein grøn kopp som står saman med dei andre koppane på utvalde kafear, kantiner og gode møteplassar. Om du vel å drikke frå ein Skravlekopp, viser du andre i lokalet at du gjerne snakkar med nokon medan du drikk. Målet er at alle som ønskjer det lettare skal få seg ein prat. Skravlekoppen er eit verktøy for å kome i kontakt med andre, vise at ein er open for ein liten prat og signalisere at det er plass til fleire rundt bordet. Skravlekoppen skal invitere til ein prat med ukjende. Skravlekopp er eit prosjekt med mål om å auke bevisstheita rundt korleis vi møter kvarandre og førebygge og redusere einsemd i samfunnet. Tid, tilgjengelegheit og rausheit står i fokus. I Volda kommune har vi så vidt starta opp arbeidet med å få på plass skravlekoppar, skravlebenkar, Skravlekopp-ambassadørar og andre engasjerte personar. Vil du som privatperson eller bedrift / organisasjon verte Skravlekopp-ambassadør? Ta kontakt med oss, vi vil gjerne høyre frå deg! I månadsskiftet juni/juli kjem Skravlekoppbåten på vitjing til Sunnmøre, og då vil den leggje turen innom Volda.

Copy link for sharing to facebook groups

Practical Information

AddressStormyra 2, 6100 Volda, Norge
Contact person
Members in an organization: 4
Updated at: 09 Oct 2023

If you have any questions, please do not hesitate to contact us