Arrangement

Forfattarmøte med Sølvi Hovden Eidheim

Arrangeres av:

Velkomen til forfattarmøte med Sølvi Hovden Eidheim måndag 16. november klokka 18.30. Sølvi Hovden Eidheim fortel om romanen Jenta med de gule gummistøvlene, og om den lange vegen frå idé til utgiving.

Romanen tek opp tema som mellom anna familieliv, traumer, kvinnehelse, overgrep, skulevegring og mobbing, om å miste arbeidsevne og bli ufør - alt dette fletta saman med ei spanande etterforskning. Den ytre handlinga foregår rundt ei forsvinningssak. Ei lita jenta forsvinn i 1982, og 40 år seinare vert levningane funne. Parallelt følgjer vi ei norsk familie gjennom ein pandemi, tenåringsproblematikk og hovedpersonen sin kamp for å halde seg i arbeid til trass for ein kropp som stadig ropar stopp. Då den vesle jenta blir funnen, reagerer hovedpersonen sterkt, og det er tydeleg at det er omstende kring forsvinninga som ho har fortrengt.

Sølvi stiller med boksal, betaling med vipps.

Lett servering med kaffi og te. Gratis og ope for alle!

Kategori
Learn

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

November 16, 2026

17:30 — 18:30

Praktisk informasjon

Sted:Volda folkebibliotek
Adresse:Stormyra 2, 6100 Volda, Noreg
Kontaktperson:
Eksterne lenker:Facebook-arrangement

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart