Bli AKTIVITETSVENN for ein person med demens
Å vere aktivitetsvenn er enkelt. Du trenger berre å gjere noko du liker, saman med ein person som har demens.
For å bli frivillig aktivitetsvenn trenger du ingen spesiell kunnskap eller eigenskap.
Du trenger eigentleg berre vere deg sjølv.
Saman med ein frivillig aktivitetsvenn kan personar med demens få høve til å ha ein aktiv og innhaldsrik kvardag.
Gjennom samtale og intervju vil vi finne ein person med same interesse som deg. Vi veit at personleg interesse og kjemi er viktig for at dokke begge skal få glede av å bruke tid saman.
Ei god kopling fører til dobbel glede og ein vinn vinn-situasjon.
Aktivitetar ein kan gjere saman: å trene, gå tur, bake, lese, gå på kafé, gå på teater/kino/konsert, spele golf, gjere hagearbeid, synge, oppsøke dyr og kulturlandskap og mykje meir.
Du får rettleiing og kurs. Kurset er gratis og gir deg kunnskap om demens og kommunikasjon, slik at du blir trygg i rolla.
Ein kontaktperson vil vere tilgjengelig for spørsmål underveis, og du vil få tilbod om rettleiing i fellesskap med andre frivillige aktivitetsvenner.
Bli frivillig AKTIVITETSVENN og ver med og gi ein person med demens fleire gode dagar og opplevingar
Ein kan ikkje redde heile verda…
…men ein kan redde heile verda for eit menneske!